Kjende røyklukt

Brannvesenet rykka ut til skule

Utrykking: Det er meld om røyklukt ved Vik skule i Sykkylven.  Foto: Christine Fohlin Verneland

Nyhende

Sykkylven brannvesen rykka tysdag kveld ut til Vik skule i Sykkylven. Det var røyklukt i bygget og fleire brannmeldarar var løyst ut, og brannvesenet jobba med å finne kjelden. Frank Austdal ved 110-sentralen informerte om at røykutviklinga kom frå eit kjøleskap, som antakeleg hadde kortslutta. Han kunne vidare fortelje at kjøleskapet vart tatt ut av skulebygget.