Bokprosjekt om livet i Sykkylven

Vil ha med sambygdingane

Den kommunale Sykkylven sogenemnd har saman med Sykkylven bibliotek tatt initiativ til eit bokprosjekt, der dei inviterer sykkylvingar i alle aldrar til å fortelje om korleis det er å leve og bu i Sykkylven i 2021.

Vil ha bidrag til bok: Leiar i Sykkylven sogenemnd, Eldar Høidal.   Foto: Monica Aure Fallingen/arkivfoto

Nyhende

– I boka som har arbeidstittelen «Sykkylvsliv anno 2021» vil vi at folk skal bidra med tekstar, bilete, teikningar eller anna, for å gje eit tidsbilete av Sykkylven nett no, seier Eldar Høidal som er leiar Sykkylven sogenemnd. Med seg i redaksjonsnemnda har han Edel Pernille Ystenes, Ingun Alver, Eldrid Suorza, Helen Seth og Stein Arne Fauske.