Kven er dette
- Namn: Malin Pålsson
- Alder: 43 år
- Yrke: Feiar
- Bustad: Stranda
Malin Pålsson er fødd og oppvaksen på ein gard i Jämtland nord i Sverige. Der budde ho saman med sine foreldre, to søstrer og veslebror Peter. Ho og Peter fann på mykje artig i skogane rundt garden. 15 år gammal flytte Malin på hybel, då ho skulle gå musikklinje på gymnas i Østersund. Der treivst ho godt, då musikk er noko som står Malin sitt hjarte nært.