Fekk nytt aggregat

Takksame for gåve

Sykkylven Røde Kors Hjelpekorps har fått støtte frå Lions Sigtuna til eit aggregat.
Nyhende

Sykkylven Røde Kors Hjelpekorps rettar ei stor takk til Lions Sigtuna som har støtta hjelpekorpset med 6.999 kroner til innkjøp av eit aggregat av typen Loncin 2000i.
– Aggregatet vil gje lettare tilgang på straumtilførsel under aksjonar. I ei tid med auka fokus på bruk av digitale verktøy som nettbrett og digitale kart, datamaskiner og liknande vil straumbehovet ute i felten auke. Vidare vil aggregatet bidra med straum til naudsynt lysutstyr under mellom anna skredaksjonar, uttalar hjelpekorpset, som vil rette ei stor takk for gåva. Inger Kurseth Tandstad som er leiar i Lions Sigtuna synest at prosjektet var lett å seie ja til, og også Anne Brekke i Lions Sigtuna, er glad for at gruppa kan bidra med midlar.

– Tusen takk til alle frivillige i Røde Kors for timane og tryggleiken de gir til oss sambygdingane, uttalar Brekke.