Sykkylven kommune:

– Kan ikkje gjere anna enn å beklage

Sykkylven kommune er den einaste kommunen på Sunnmøre som ikkje har søkt om støtte til sommarskule i sommar. Stranda kommune får tildelt 407.700 kroner.

Lei situasjon: Bjørnar Midtbust, kommunalsjef i Sykkylven kommune, beklagar at kommunen ikkje har søkt på midlar til sommarskule frå Utdanningsdirektoratet. (Arkivfoto)  Foto: Monica Aure Fallingen/arkivfoto

Nyhende

Regjeringa deler ut 500 millionar slik at kommunane skal kunne arrangere sommarskule og andre tilbod for barn i sommar.