Stine Vik Rokseth frå isolat i Moskva:

– No vågar eg å legge planar for framtida

Det har gått tre veker sidan Stine Vik Rokseth frå Sykkylven vart skriven inn på sjukehuset Pirogov Medical Surgical Centre i Moskva for å få behandling av MS. No tel ho dagar til ho kan vende nasen heimover igjen.

Ved godt mot: Stine Vik Rokseth er ved godt mot etter ei tøff behandling av MS i Moskva. Snart kan ho reise heim til Sykkylven igjen.   Foto: Privat

Nyhende

– Kjenslemessig har det vore ei berg-og-dal-bane. Men no har kroppen fått det verktøyet den treng for å bli frisk, og då må eg berre køyre på med ei god innstilling, seier Stine Vik Rokseth.