Inge Bjørdal, næringssjef i Stranda kommune:

– Vi veit at fleire bedrifter slit

Stranda kommune er sikra 412.595 kroner i kompensasjonsordning til lokale bedrifter som slit, med moglegheit for meir i nær framtid. – Det er bra vi får økonomisk støtte, men det er alt for lite, seier Inge Bjørdal, næringssjef i Stranda kommune.

Håpar på betring: Næringssjef i Stranda kommune, Inge Bjørdal, føler med dei mange bedriftene i Stranda som slit på grunn av koronasituasjonen.   Foto: Anniken Westad

Nyhende

I februar gjekk regjeringa ut med at 1,75 milliardar skal delast ut til lokale verksemder i kommunane. I første omgang er 500 millionar fordelt til kommunar etter folketal, og alle kommunar får eit minstebeløp på 250.000 kroner. Stranda kommune har fått tildelt 412.595 kroner, med beskjed om at det kan kome meir midlar snart. Sykkylven kommune har fått tildelt 700.000 kroner.