Til Stranda og Hellesylt for å handle eplejuice og pølser

«KNM Otto Sverdrup» vitja Stranda

– Det er kjekt å vere på heimlege trakter og vise mannskapet det flotte fjordlandskapet vårt, seier Iris Fivelstad, skipssjef om bord i fregatten «KNM Otto Sverdrup».
Nyhende

Måndag var Stranda første stopp i Storfjorden for fregatten «KNM Otto Sverdrup». Skipet er 134 meter langt og 17 meter breitt, men likevel ikkje lett å oppdage då det til tider går i eitt med fjella bak. Fregatten som er bygd i 2006, var her i høve eit øvingsoppdrag utanfor Mørekysten.