Dramatikk i ishavet for 100 år sidan:

Sykkylvingar haldne som gislar i Sovjetunionen

Over 40 norske selfangarar tre av dei frå Sykkylven, vart haldne som gislar i fleire månader i den russiske byen Arkhangelsk i 1921, kort tid etter at bolsjevikane hadde teke makta i byen. Dei fekk oppleve matmangel, menneskelege tragediar og summariske avrettingar, men også kino, teater og jamvel ekteskap.

Segleklare: Mannskapet på DS «Remøy» klare for avreise til fangstfeltet i Kvitsjøen.  Foto: Privat

Nyhende

Arkhangelsk og området rundt var eitt av dei siste som kom under kontroll av bolsjevikane, det skjedde faktisk berre eit par månader før dei norske sjøfolka vart tvungne inn i byen. Det var ein by i fullt kaos som møtte nordmennene.