Historisk vedtak i kommunestyret

Eit klart fleirtal i Sykkylven kommunestyre gjorde i dag, måndag, eit historisk vedtak om bygge ein ny sentrumsskule til 283,5 millionar kroner i Bakkeøyane. Barneskulen kan få plass til over 500 elevar.

Vedteke: Under kommunestyret måndag vart det vedteke å bygge ny sentrumsskule i Sykkylven til 283,5 millionar kroner. Det er den største investeringa til Sykkylven kommune nokon gong.  Foto: illustrasjon

Nyhende

Med 23 mot seks røyster godkjente kommunestyret det framlagde forprosjektet som grunnlag for vidare arbeid med utarbeiding av anbodokument og gjennomføring av anbodskonkurranse i løpet av hausten i år. Etter planen skal skulen som så langt er kalkulert til 283,5 millionar kroner stå klar til bruk hausten 2023. Skulen i Bakkeøyane skal erstatte barneskulane på Vik, Aure og Ullavik.