Over Kaffikoppen

– Eg har oppdaga Stranda på nytt i vaksen alder

Ein prat med folk i Sykkylven og Stranda

Butikksjef på Stranda: Katy Mona Bjørstad likar å møte folk i butikken sin.  Foto: Randi Ansok

Nyhende

Kven er dette?
  • Namn: Katy Mona Bjørstad
  • Alder: 57 år
  • Bustad: Stranda
  • Yrke: Butikkeigar

Katy Mona Bjørstad frå Stranda er ei dame mange kjenner, då ho eig og driv butikken Kirstens Butikk i Storgata. Katy var knapt året då foreldra bestemte seg for å søke lykka i Sverige, nærare bestemt i Køping like ved Örebro. Saman med sine to eldre søsken budde Katy i Sverige i over ti år. Då far fekk jobb på Langlo flytta dei heimover til Stranda att.