Sparebanken Møre gir tilbake

Tid for å søkje TEFT-midlar

– I byrjinga heitte det Såkornmidlar sidan eigenkapitalen til banken stamma frå salet av kornlagra i 1849, seier banksjef Kjell Martin Ringset i Sparebanken Møre på Stranda.

Sparebanken Møre: Banksjef Kjell Martin Ringset  Foto: Randi Ansok

Nyhende

To gongar i året deler Sparebanken Møre ut TEFT-midlar til lag og organisasjonar i Møre og Romsdal til allmennyttige formål. Søknadsfristane er 1. mai og 1. oktober. Nytt for i år er at Sparebanken Møre også dele ut støtte til kor og korpskonsertar.

Gir støtte til kor- og korpskonsertar i år

Reglane for å søke finn ein på Sparebanken Møre si heimeside. Her står det at alle korps og kor kan søkje om ein eller til spelejobbar. Sparebanken Møre støtta med inntil 15.000 kroner for kvar spelejobb, altså maksimalt 30.000 kroner totalt. Spelejobben må vere ein konsert på ein offentleg stad, til dømes på ein institusjon, eit 17. mai arrangement, ein vanleg konsert med publikum eller ein digital konsert som er open for alle. Det er ikkje høve til å ta betaling gjennom billettsal.

Søknadsfrist i mai: Banksjef Kjell Martin Ringset er klar for å dele ut TEFT-midlar   Foto: Randi Ansok

– Grunnen til at vi i år vil gi støtte til kor og korpskonsertar, er tida vi er inne i. Vi i Sparebanken Møre vil skape aktivitet til ei gruppe som har vorte råka av strenge restriksjonar i koronatida. Vi ser allereie no på søknadane som kjem inn at det er fleire som ønsker å underhalde dei eldre på ulike institusjonar i fleire av bygdelaga i Stranda. Dette set vi pris på, seier banksjef Kjell Martin Ringset i Sparebanken Møre på Stranda.

Innbyggarane sine eigne pengar

– Kvifor er det viktig for bygder som Stranda å få stønader som dette?

– For det første vil eg minne om at midlane vi deler ut er midlar som innbyggarane sjølve eig, eller rettare sagt avkastinga av banken sin eigenkapital. Før vart dette kalla Såkornmidlar. Dette grunna at eigenkapitalen til Sparebanken Møre opphavleg kom frå salet av kornlagera som blei selde for å få eigenkapital ved stiftinga av Sparebanken i 1849.

Gir tilbake: Sparebanken Møre avd. Stranda  Foto: Randi Ansok

– Ved at vi årleg deler ut kring 150 millionar av desse midlane på fylkesbasis, midlar som no vert kalla TEFT-midlar, er vi med på å gi noko tilbake til samfunnet. Midlane er øyremerka lag og organisasjonar som arbeider med ulike tiltak som skal kome mange til gode i kvardagen. Vi har tru på at desse aktørane er med på å gjere Stranda til ein betre plass å bu for innbyggjarane i kommunen, seier Ringset.

TEFT-middel til allmennyttige formål

Sparebanken Møre prioriterer tiltak som er allmennyttige og som kjem mange til gode innan til dømes kultur, idrett, nærmiljø, samferdsel, næringsutvikling og kompetanse. For å få stønad må prosjekta vere konkrete og ha ein finansieringsplan som speglar det verkelege støttebehovet. Sparebanken Møre fullfinansierer ikkje prosjekta, og det vil alltid verte kravd ein viss del eigeninnsats i tillegg til eventuelt andre finansieringskjeldar.

– Det vert ikkje gitt stønad ikkje til privatpersonar eller kommersielle prosjekt. Vi støttar heller ikkje skuleprosjekt, russebilar, klasseturar eller andre reiser. Organisasjonar som tek imot stønad frå Sparebanken Møre skal kunngjere dette gjennom sine eigne kanalar, avsluttar Ringset.

Nøgde mottakarar

Stranda Sentrumsforeining er ein organisasjon som har fått TEFT-midlar. Dei har fått stønad til leikeapparat på Fløten Park og seinast i fjor fekk Tettstadutviklingsgruppa 200.000 kroner frå Sparebanken Møre til vidare arbeid med Elvastien.

Leier i Sentrumsforeininga: Iris Marie Årdal Øverland er takksam for TEFT-midlane dei har fått frå Sparebanken Møre.  Foto: Privat

– Vi i Sentrumsforeininga sette utruleg stor pris på all støtta vi har fått. Vi er heilt avhengige av større bidrag om vi skal få framgang i prosjekta våre. Vi hadde aldri klart det vi har gjort til no utan TEFT-midlane frå Sparebenken Møre, seier leiaren i foreininga, Iris Marie Årdal Øverland.