Stranda: Brann i Langlovegen

Rykte ut: Naudetatane rykte ut til eit branntillaup i ein komfyr i Langlovegen på Stranda. Brannen vart sløkt av huseigar.  Foto: Ingrid Hjellbakk Kvamstø

Nyhende

Møre og Romsdal politidistrikt melder på Twitter 10.28 torsdag føremiddag at naudetatane har rykka ut til eit branntilfelle i Langlovegen på Stranda. Brannen skal vere sløkt, men politiet skriv at der skal vere kraftig røykutvikling på staden.

Personane som var til states i bygget skal vere evakuerte.

I ein oppdatering 10.42 skriv politiet at brannen starta i tilknyting til ein komfyr, og vart sløkt med pulverapparat av huseigar. Det var til saman fem personar i huset då brannen starta, og dei som vart utsett for røyk vert fulgt opp av ambulansepersonell.