EL24 har no over 100 tilsette i Møre og Romsdal

– Trivsel gir gode resultat

– Ikkje berre gjer vi det godt, EL24 vart også kåra til årets lærlingbedrift i 2020, seier dagleg leiar Hans Oscar Molvær i EL24.

Stolt av dei tilsette: Dagleg leiar Hans Oscar Molvær i EL24 meiner dei tilsette er bedrifta sitt sterkaste konkuransefortrinn.  Foto: Randi Ansok

Nyhende

EL24 er nok ei lokal bedrift som kan vise til gode resultat i 2020. Elektrobedrifta blei starta på Stranda i 2006 av Hans Oscar Molvær og fire andre. I dag har EL24 100 tilsette fordelt på fem avdelingar på Sunnmøre. Hovudkontoret ligg framleis på Stranda med 20 tilsette. Dei andre avdelingane er i Langevåg, Ålesund, Hellesylt og Sykkylven, der Ålesund er den største avdelinga. Avdelinga i Sykkylven vart oppretta for ti år sidan, i høve eit større oppdrag for Ekornes, og har dag 12 tilsette.