Sporty lektor

Thomas Jarle Grimstad (27) er kontaktlærar på ei toppidrettslinje med studiespesialisering i Oslo. Han er glad i å undervise og hjelpe andre. Fritida nyt han stort sett utandørs.

Livslang hobby: I oppveksten var Thomas ofte på Fjellsætra med snowboard, og denne hobbyen har han halde fast på. Her på Tungremstindane i Sykkylven i april i fjor. (Alle foto: privat)  

Nyhende

Fotball, snowboard og fjellturar er høgt prioritert, og dei beste feriane er heime på Sunnmøre i den flotte naturen.