Staten seier ja til behandling likevel

Avgjerdsforumet for nye metodar har sagt ja til behandlinga som kan redde synet til tvillingane Torger Inge og Joar Sætre, og Ulrik Fure frå Sykkylven.

Får behandling i Norge: Ulrik Fure og Torger Inge Sætre har begge augesjukdommen Retinitis Pigmentosa som gjer at det gradvis mister synet. No har avgjerdsforumet for nye metodar opna for behandling i Norge.  Foto: Even Ørjasæter

Nyhende

Måndag 26. april blei det klart at Avgjerdsforumet for nye metodar likevel vil godkjenne bruk av genterapien Luxturna i Norge. Dette gjer at tvillingane Torger Inge og Joar Sætre frå Ikornnes og fireårige Ulrik Fure frå Straumgjerde i Sykkylven slepp å måtte dra til utlandet for å få behandlinga som kan redde synet deira. Dette melder TV 2 som skreiv om saka først.