Brukar gammalt triks for å opne vegen

I fjor blei fjellovergangen på fylkesveg 63, Geirangervegen, ikkje opna før 17. juni. No blir det prøvd eit eldgammalt triks for å få opna vegen tidlegare.

Gammalt triks: I år bruker Statens vegvesen eit gammalt triks for å få Stavbrekkfonna til å smelte raskare, ved å dekke fonna med svart kalk.  Foto: Statens vegvesen

Nyhende

Stavbrekkfonna, som ligg like over fylkesveg 63 mellom Geiranger og Skjåk har ofte skapt hovudbry for Statens vegvesen når vegen skal opnast for sommarsesongen. Fonna er rasfarleg, og har fleire gonger ført til at opninga av vegen har blitt utsett. Mellom anna blei det i 2005 prøvd å sprenge vekk fonna med dynamitt, men sjølv 600 kilo med sprengstoff frå Telemark bataljon klarte ikkje å fjerne den.

I fjor blei ikkje vegen opna før 17. juni, men i år håpar vegvesenet å kunne skunde på våren med eit gammalt triks, å strø svart kalk over fonna. Det melder NRK Innlandet som skreiv om saka først. Dei skriv vidare at det blir brukt 18 tonn med kalk i arbeidet.

Andreas Sande Lien hos Statens vegvesen, som jobbar med riks- og fylkesvegane i Ottadalen fortel til statskanalen at føremålet med kalken er at det skal bli varmare når sola står på, slik at snøen skal smelte fortare. Dette er fordi den mørke fargen absorberer sollyset, og gjer at snøen smeltar raskare. Dette er eit triks som òg blei brukt før i tida, den gang gjerne med oske eller jord.