Torger og Ulrik kan få behandling i Norge

Feira med flagg og kakefest

Det var ein gledens dag då det vart klart at Torger Inge Sætre og Ulrik Fure skal kunne få behandling i Norge for å unngå å miste synet.

Kakefest: Det blei feira med kake då det blei klart at Norge seier ja til behandling av augesjukdommen Retinitis Pigmentosa. Frå venstre: Widar Fure, Oliander Fure, Isabell Hagen, Ulrik Fure og Torger Inge Sætre  Foto: Even Ørjasæter

Nyhende

Måndag 26. april blei det klart at avgjerdsforumet for nye metodar likevel vil godkjenne behandling med Luxturna for personar med augesjukdommen Retinitis Pigmentosa i Norge. Dette betyr at Torger Inge Sætre, og tvillingbroren Joar, og fire år gamle Ulrik Fure frå Sykkylven vil sleppe å måtte betale sjølve for den dyre behandlinga i utlandet, og heller få den her til lands.