I gang med jubileumsåret

Ein kort periode vart det opna opp igjen for musikkøvingar. Sist tysdag markerte Hundeidvik Blandakor dette skikkeleg, med bankett.

Vekomst: Lisbeth Hole Ulla ynskjer koristane Ole Kåre Grebstad og Herdis Ekornes Johannesen velkommen.  Foto: Privat

Nyhende

Velkomstkomiteen hadde pynta med ballongar og flagg og diska opp med sjokolade og bobler i glaset. Hundeidvik Blandakor har i år 150 års jubileum og hadde planar om både ein kyrkjekonsert og ein jubileumstur som måtte avlysast på grunn av korona.