Entreprenørskap på timeplanen

Laga videoprosjekt om heimbygda

Som ein del av eit større prosjekt har elevar frå Sykkylven vidaregåande skule har laga ein reklamefilm om heimbygda, som viser fram kva Sykkylven har å by på.

Elevane: Benedicte Vangen Værnes (f.v.), Olav Hole, Noah Hovet Velle, Noah Kleiven og Marian Olsen.  Foto: Privat

Nyhende

Nyss omtalte i februar ei gruppe elevar ved lina Entreprenørskap 2 ved Sykkylven vidaregåande skule som skulle utføre utviklingsprosessar for lokale firma og organisasjonar. Dei hadde vitja Sykkylven Naturmuseum/Møbelmuseet og Sykkylven bibliotek, og då Nyss møtte dei tok dei turen til møbelforretninga Tennøy på Aursnes. I tida etterpå har elevane jobba med sluttproduktet til casen sin; ein reklamefilm om Sykkylven som har blitt publisert i sosiale medium. Den har blitt svært godt mottatt.