Viggo Johan Ørbak, lurendreiaren og storsvindlaren – del 2

Før påske blei eg oppfordra av Nyss til å skrive om Viggo Johan Ørbak – den falske politimannen i Geiranger, og mitt forhold til han der.

Nære relasjonar: Kjell Løseth vart godt kjent med Viggo Johan Ørbak.   Foto: Christine Fohlin Verneland

Nyhende

Då eg jobba på hotell der, blei eg godt kjent og kompis med denne utrulege storbløffaren som har så mange «svin på skogen» at det nesten er usannsynleg. Eg skreiv då i NYSS at eg ikkje veit om eg skal vere stolt eller skjemmast over å kjenne han. Han som lurte meg trillrundt og blei arrestert i besteskoene mine! Sjølv om han var falsk politimann i fleire veker i Geiranger på 1960 talet – og alle var samde om at han gjorde ein god jobb (!)- opplevde eg mykje artig saman med han. Kanskje var eg i overkant godtruen. I så fall var eg ikkje åleine om det. Det har eg skrive om i førre artikkel.