Innflyttarar reddar bustadmarknaden i Stranda og Sykkylven:

- Ein kjekk plass å bu

Opp mot 20 prosent av kjøparane til Aursnes og Partners i Sykkylven og på Stranda i 2020, var innflyttarar med annan nasjonalitet. – Vi er heil avhengig av innflyttarar, seier Espen Garli, dagleg leiar.

Likar seg på Stranda: Frå venstre: Ginatare Cereskaite-Stocke, Lukas Stocke (8), Povilas Stocke og Benas Stocke (4).    Foto: Ingrid Hjellbakk Kvamstø

Nyhende

– Vi var ein av dei første litauiske familiane som flytta til Stranda. Det byrjar nærme seg 20 år sidan vi flytta hit no, seier Ginatare Cereskaite-Stocke.