Beredskapslager for smittevernutstyr:

– Ikkje lurt å gamble

Berre AP og SV støtta SP sitt forslag i Stortinget sin justiskomite om at Norge må sikre norskprodusert smittevernutstyr i framtidige beredskapslager.

Beredskap: Jenny Klinge i SP meinar det er viktig å satse på norskprodusert smittevernutstyr.  Foto: Ragne B. Lysaker, Senterpartiet

Nyhende

– Vi har lært av koronapandemien at det ikkje er lurt å gamble på at vi får hjelp utanfrå når det gjeld smittevernutstyr. Nasjonal produksjon av smittevernutstyr er god beredskap. Vi i Senterpartiet ønskjer at regjeringa legg til rette for dette ved til dømes å gi investeringsstøtte til norske produsentar av smittevernutstyr, seier justispolitisk talsperson i Senterpartiet, Jenny Klinge.