Dugnad i Kyrkjeparken

Den årvisse Rotary-dugnaden i Kyrkjeparken vart gjennomført onsdag, med både koronatiltak og resultat på plass.  

Dugnadsgjengen: Frammøtet til dugnaden var det ingen ting å seie på i mai-kvelden. Her er heile gjengen under matpausen i «korona-formasjon» frå venstre: Arild, Knut Martin, Jarle, Bastian, Ove, Per, Greta, Helge, Knut Jarle, Petter, Olaf, Jan, Olav, Hallgeir. Øyvind Østvik var gått då biletet vart teke. 

Nyhende

Den vakre Kyrkjeparken vart endå vakrare sist onsdag, då femten rotarianarar pluss traktor var i aksjon med å rydde og rake området. Temperaturen på åtte grader pluss var det ingen ting å seie på. Sola skein og arbeidstilhøva var dei aller beste, noko som også viste att då jobben var gjort rundt klokka 20. Sykkylven Rotary Klubb har hatt denne dugnadsinnsatsen på årsprogrammet sitt omtrent frå den tid parken var ny, og ser på det som eit viktig bidrag til trivsel og velvære i området ved kyrkja. Vi veit at ikkje minst den vakre og godt utstyrte leikeplassen vert mykje nytta – så og seie året rundt.