Vekst med ny merkevare

Like etter pandemien starta gjekk Brunstad inn i eit samarbeid saman med andre møbelprodusentar. Det har gitt eit solid løft for selskapet, som opplever vekst som aldri før.

Vekst: Atle Ødegård og John Terje Drege hos Brunstad fortel at det går godt hos dei for tida. Her saman med to av bestselgarane deira.  Foto: Even Ørjasæter

Nyhende

– Sånn sett kan du vel seie at koronaen har vore positiv for oss. Vi har ein vekst som er større enn resten av bransjen generelt, så det er gode tider som møbelprodusent no, seier Atle Ødegård hos Brunstad til Nyss.