Julie Hole i godt selskap

Ei av hundre inspirerande kvinner

Magasinet Altså har laga ei liste over hundre inspirerande kvinner, og mellom dei som er plukka ut er Julie Hole frå Sykkylven. Ho har fronta ei sak som for mange er tabu; inkontinens.

Inspirerande: Julie Hole er på 100 under 100 lista.  Foto: Privat

Nyhende

Julie Hole vart overraska då ho fekk vite at ho hadde hamna på Magasinet Altså si liste "100 under 100", saman med andre kvinner som inspirerer andre. Ho har over 37 000 følgjarar på Instagram, der interiør har stått i fokus. Då ho vart operert for inkontinens brukte ho plattforma og påverknadskrafta si til å spreie kunnskap om eit problem som mange kvinner slit med.