Ein gløymd pizza førte til røykutvikling

Ein person vart sett til av ambulanse.

  Foto: Arkivfoto Eivind Louis Helset

Nyhende

Laurdag morgon meldte politiet at naudetatane rykka ut til ei adresse i Stranda:

– Naudetatane er på staden i Stranda i samband med røykutvikling frå ein bustad. Årsaka er ein sterkt brent pizza i omnen. Det har ikkje vore opne flammar. Ein person vert sett til av ambulanse, skreiv politiet i Møre og Romsdal på Twitter.