Hektiske kvardagar

Nye utfordringar: Kim Ronny starta i ny jobb ved Sykkylven Bil i januar.  Foto: Lena Lystrup

Nyhende

Kven er dette?
  • Namn: Kim Ronny Sæter
  • Alder: 46 år
  • Bustad: Vik/Blindheim
  • Yrke: Medarbeidar ved Sykkylven Bil

Kim Ronny Sæter (46) er fødd og oppvaksen i Ulsteinvik, men var mykje på besøk i feriar og høgtider hjå familien sin i Sykkylven. I 1992 flytta han til Sykkylven då han fekk sommarjobb som bilmekanikar på Esso hjå onkelen Torbjørn Kalstad. Då han fekk innkalling til militæret parkerte han bilmekanikarutdanninga for ei stund, og tok til ved J.P. Tynes medan han venta på å skulle avtene verneplikta. Fordi han likte seg så godt ved bedrifta, heldt han fram der då han kom heim frå militæret.
I 1996 vart han skiftleiar og etter at fabrikken blei kjøpt opp av Ekornes i 2003 fekk han meir personalansvar. Dei siste fire åra har han vore avdelingsleiar ved Ekornes avd. Tynes. I slutten av 2020 fekk han eit spanande jobbtilbod som han ikkje kunne takke nei til, og i januar starta han ved Sykkylven Bil.
Det er hektiske kvardagar og Kim Ronny bruker mykje tid på å følgje opp barna og renovering av «Harstad»-huset på Blindheim som han kjøpte i 2014. Her bur han saman med Peder Johan (17) og Nora Marie (14) og annankvar veke bur Amund Kristoffer (12) og Håkon André (snart ti) der også. Dei to eldste barna Ole Tobias (22) har flytta for seg sjølv og Andrea Helen (21) studerer ved lærarhøgskulen i Trondheim.
Etter fleire utfordringar fekk Kim Ronny interessa for sykling og har vore med på ulike sykkelløp som til dømes Nibberittet og Hallingrittet, og sykla Rallarvegen frå Finse til Flåm saman med venar. Då han fekk tilbod frå Family Sports Club om kurs som spinninginstruktør, takka han ja til det, og har no faste treningar kvar måndag, annankvar fredag og nokre morgontreningar.
No ventar han på sommaren slik at han kan ta seg ein tur ut på fjorden i jolla si for å fiske og nyte roa.