Heime hos Linda Emdal:

– Eit spennande prosjekt

Linda Emdal har brukt tre år på å pusse opp den historiske villaen i Stranda sentrum, saman med sambuaren sin Christopher Parson.

Ny heim: Tilbake til Stranda: Linda Emdal valde til slutt å kjøpe hus på Stranda, etter å ha budd vekke i mange år.   Foto: Ingrid Hjellbakk Kvamstø

Nyhende

Linda Emdal frå Stranda og sambuaren Christopher Parson har brukt tre år på å pusse opp den historiske villaen i Rådhusgata. For kort tid sidan kunne dei endeleg flytte inn i hovudetasjen.

– Vi kjøpte huset då vi budde i Canada, heilt usett. Vi var innforstått med at det ville bli eit stort oppussingsprosjekt, men det var noko spesielt med huset. Det har så mykje historie i veggane, seier ho.