Gjer klart for vårsesongen

Ved Holmbergs Gartneri i Velledalen vert det jobba med siste klargjering før sesongen brakar laust for alvor. – Det er no rundt månadsskiftet mange startar med å gjere hagane sine fine til våren og sommaren, fortel Per Gunnar Holmberg.

Fargerikt: Evelyn og Per Gunnar Holmberg brukar mykje tid i gartneriet. Dei fortel at sesongen brakar laust for alvor i desse dagar.  Foto: Monica Aure Fallingen

Nyhende

Holmbergs Gartneri bognar av fargesterke og frodige plantar. Det er laga til små utstillingar og forslag til blomar som kan passe saman. Synet som møter ein når ein kjem inn døra er til å bli glad av. Her kjem ein raskt i vårstemning. Gartneriet opnar for sal rundt påsketider, men det er rundt 1. mai folk startar blomehandelen for alvor.