4. klasse vann 2.500 kroner i Batterijakta.

Ivrige miljøagentar

4. klasse ved Ullavik skule får heile 2.500 kroner til klassakassa etter at dei vart vinnar av eit vekesoppdrag i Batterijakta.

Batterisamlarar: Isak Hjellegjerde og Olianna Bakke viser fram nokre av batteria klassa har samla inn.   Foto: Christine Fohlin Verneland

Nyhende

Det er engasjerte batterisamlarar Nyss møter på Ullavik skule. Ikkje berre har dei blir vinnarar av Batterijakta sitt vekeoppdrag, dei har i tillegg samla inn store mengder batteri.