Arild Bergstrøm går av

Ordførarar kjem og går, men Arild Bergstrøm består. I snart førti år har dette vore eit udiskutabelt faktum i Sykkylven. Den avtroppande økonomisjefen i Sykkylven kommune har hatt orkesterplass til alle politiske opp- og nedturar som har vederfarest det litt slitne kommunehuset på Klokkehaugen gjennom alle desse åra. Ein fantastisk og interessant arbeidsplass, seier han i dag. Det er tid for å mimre. Og sjå framover. I dette intervjuet reflekterer Bergstrøm over utviklinga i offentleg forvalting, lokalpolitikken og Sykkylven kommune.

Lene seg bakover: Etter meir enn 35 år som økonomisjef i Sykkylven kommune kan Arild Bergstrøm lene seg bakover i stolen og late humla suse. Kontoret på i kommunehuset på Klokkehaugen er ferdig rydda. No er det på tide å sjå framover.   Foto: Foto: Nils Einar Rye

Gledd meg: Arild Bergstrøm har sett kommune-Noreg generelt og Sykkylven spesielt endre seg stort i løpet av nesten 40 år. Kommuneøkonomien har svinga, men det er ikkje ein dag eg ikkje har gledd meg til å gå på jobb, seier han til Nyss.   Foto: Foto: Nils Einar Rye

Fantastisk sjef: Arild Bergstrøm og tidlegare rådmann Hermann Haugen, som gjekk av sist på nittitalet. Haugen var ein institusjon i Sykkylven kommune gjennom meir enn tretti år. Ein dyktig fagmann, korrekt i rolla si i forhold til politikarane, ein fantastisk sjef som var lojal mot medarbeidarane sine, og – om eg skal vere personleg – kanskje det snillaste mennesket eg nokon gong har møtt, seier Bergstrøm.   Foto: Arkivfoto: Sykkylvsbladet

Gode utsikter: Arild Bergstrøm saman med tidlegare ordførar Svein Helgheim tidleg på nittitalet. Det har alltid gått opp og ned med kommuneøkonomien. Her kunne dei to rapportere om balanse og gode utsikter!   Foto: Arkivfoto: Nils Einar Rye, Sykkylvsbladet

Rekna feil: Det verkar lenge sidan no, men ein gong fekk Sykkylven ny soknekyrkje. Ei stund var det forvirring om kyrkjefondet ville strekke til, og Arild Bergstrøm måtte melde at kommunen hadde mindre midlar enn før rekna med til prosjektet. Så kom kontrabeskjeden: Bergstrøm hadde rekna feil! «På mange måtar kjenner eg meg observert med buksa nede,» måtte økonomisjefen vedgå i eit stort oppslag i Sykkylvsbladet.  Foto: Arkivfoto: Nils Einar Rye, Sykkylvsbladet

Innbrot: Dette bilete av Arild Bergstrøm og Per Arne Pettersen, avdelingsleiar skatt, illustrerte ei gladsak om at skattepengane var komne. Natta etter oppslaget i Sykkylvsbladet vart det innbrot på kommunehuset.   Foto: Arkivfoto: Nils Einar Rye, Sykkylvsbladet

Nyhende

Vi byrjar med å spole tre tiår bakover, til tidleg i 1990-åra. Underteikna – altså journalisten – er ung bladfyk i Sykkylvsbladet. Utstyrt med notisblokk og Canon speilrefleks har han godt nytt frå kommunen som skal bringast vidare til bladets lesarar: Kommunerekneskapen er i balanse! Endeleg! Naturleg nok har han fått både økonomisjef Bergstrøm og ordførar Svein Helgheim i tale. Det er all grunn til å sjå lyst på framtida, er bodskapen.