Synspunkt

Eit samfunn der alle kan delta

Unngå å vere ein del av problemet: Vi kan tenke oss om når vi parkerer. Skapar vi problem for syns- og rørslehemma ved å plassere bilen eller sykkelen akkurat her? Fotomontasje/illustrasjon: Linda Nygard-Sture 

Nyhende

Det blir sagt at universell utforming er bra for alle og nødvendig for nokre. Det er vanskeleg å vere ueinig i dette, alle småbarnsforeldre har vel opplevd kor mykje lettare det er å trille barnevogna opp ei rampe utforma for rullestol enn å bruke trappa. Når ein kjem med hendene fulle av bereposar er ein takknemleg for ein elektronisk døropnar. Og når ein skal møblere heimen er det fint med dører dimensjonert for rullestol og ikkje ei gamal 80-dør. Kvifor er det då i det heile tatt eit spørsmål om korvidt ein skal gå for universell utforming?