Stranda Feriesenter

Får ikkje meir i tilskott

Får ikkje støtte: Helge Ibrahim.  Foto: Johan Behrentz/Arkiv

Nyhende

Det var i 2014 gjort arkeologiske funn på området til Stranda Feriesenter. Dagleg leiar Helge Ibrahim søkte då om midlar frå riksantikvaren og Stranda kommune til utgravinga som var kostnadsbestemt til 1,5 millionar kroner. Riksantikvaren støtta utgravinga med 85 prosent. Ibrahim var av den oppfatning at kommunen ville dekke det resterande beløpet, noko kommunestyret var positive til å bidra med for å løyse dei arkeologiske utgravingane. I 2017 utbetalte kommunen 150.000 kroner. Eit fleirtal i formannskapet har tidlegare denne månaden sagt nei til å utbetale restbeløpet på 118.878 kroner.