Lokal forskrift vert ikkje forlenga

Nyhende

Sykkylven kommune melder på si heimeside at på bakgrunn av at ein no vurderer situasjonen i Sykkylven som under kontroll, har kriseleiinga i samråd med kommuneoverlegen vedtatt å ikkje forlenge lokal forskrift vedteken den 27. april, gjeldande til og med 4. mai klokka 24.00.

Dei nasjonale tiltaka vert då gjeldande for Sykkylven kommune frå og med onsdag 5. mai.