Må utvide fabrikkarealet

Den auka etterspurnaden, særleg hos Ekornes, gjer at Pla-Mek no må utvide fabrikken sin på Aursnes i Sykkylven.

Veks: Den store etterspurnaden gjer at Pla-Mek no utvidar arealet sitt. Her er dagleg leiar Sveinung Ørjasæter og fabrikksjef Bjarne Olav Velle.  Foto: Even Ørjasæter

Nyhende

– I ein Stressless-stol er det 61 delar frå oss, så når dei produserer over tusen stolar for dag, betyr det at dei treng 61.000 delar frå oss. Dette gjer at vi no treng større produksjonsareal, seier fabrikksjef Bjarne Olav Velle hos Pla-Mek AS til Nyss.

Saman med dagleg leiar Sveinung Ørjasæter møter han lokalavisa på fabrikktomta deira på Aursnes. Her er dei i god gang med bygging av den nye fabrikkdelen til anlegget deira. Etter planen skal sjølve bygget stå klart før ferien.

– Vi vil òg få installert ein ny, større maskin. Den blir 18 meter lang og seks meter brei, noko som er vel dobbelt så stort som den største vi har i dag. Den blir sendt over frå Kina stykkevis til hausten, så forhåpentlegvis er vi produksjonsklare i den nye avdelinga ut på nyåret, fortel Ørjasæter.

61 delar: Bjarne Olav Velle viser fram éin av heile 61 delar frå Pla-Mek som skal inn i ein Stressless-stol. – Når Ekornes produserer over tusen stolar for dag, er det då med 61.000 delar frå oss, seier han.  Foto: Even Ørjasæter

Synergieffekt

Pla-Mek driv med sprøytestøyping av plast, og leverer til kundar som Ekornes, Vik Ørsta, Vartdal Plast, GRS og Nammo. Dei produserer alt frå delar som skal inn i Stressless-stolar, tunnelsikringar, støypeformer for betong og riflestokkar. Når etterspurnaden hos kundane deira tek seg opp, betyr det at det òg blir meir å gjere hos dei.

– Vi hadde ein stund i fjor, i mars-april, like etter at landet stengde ned då det ikkje var noko aktivitet. Vi måtte permittere folk og var i samtalar med banken om korleis dette skulle gå. Det var ikkje særleg kjekt, forklarer Ørjasæter.

Men så kom det ein eksplosiv vekst i ordrebestillingar, særleg frå Ekornes, som er Pla-Mek sin største kunde.

– Dei spurde om vi kunne produsere nok delar til dei, og det sa vi sjølvsagt ikkje nei til. Det førte til rekordomsetnad i fjor, med ein vekst på 20 prosent, seier den daglege leiaren, og legg til at det ser bra ut for 2021, i alle fall så langt.

– Vi har budsjettert med ein vekst på rundt 20 prosent, og så langt er vi godt i rute.

Veksten hos Ekornes er òg hovudårsaka til at dei no held på med å utvide.

– Når kundane gjer det godt, gjer vi det godt òg, noko som er positivt for bygda, seier Velle.

Første «spadetak»: Fabrikksjef Bjarne Olav Velle tok dei første «spadetaka» med gravemaskina.  Foto: Kai Roger Bjørdal

Automatisering

Størstedelen av produksjonen til Pla-Mek er automatisert, der robotar produserer plastkomponentar i stor skala. Velle fortel at det mellom anna gjer dei konkurransedyktige med andre land der arbeidskrafta er billegare.

– Robotane produserer, set saman og stablar i kasser ferdig til å bli sendt av garde. Dette gjer at vi har null i lønskostnader på dette, og gjer at vi kan konkurrere mellom anna med Kina. Det at vi produserer nært mange av kundane gjer at det òg er lettare med tanke på frakt, seier han.

Framover vil automatiseringa auke, med eit nytt reolsystem dei skal få på plass inne på lageret.

– Vi vil mellom anna få ein heilautomatisert truck som kan plukke opp kasser og stable dei på plass. Det er klart at det er artig å køyre truck, men vi tenker at det er betre å bruke dei menneskelege ressursane våre til verdiskaping, seier Velle.

– Det vil også gjere at vi vil kunne utnytte plassen vi har enno betre, legg Ørjasæter til.