Ny dagleg leiar

Ny leiar: Joakim Relling. 

Nyhende

Joakim Relling frå Stranda er tilsett som ny dagleg leiar i Stranda Anleggsservice AS. Han er utdanna ingeniør frå bygg- og anleggslina ved høgskulen i Ålesund. Relling som har lang erfaring frå bransjen skal ta til i stillinga 1. august. Noverande dagleg leiar, Sverre-Jan Rønneberg, vil etter eige ønskje gå over i stillinga som prosjektleiar. Han vil halde fram som styremedlem i selskapet som har 12 tilsette.