Sykkylven kyrkje

Omfattande vasskadar

Avløpsvatnet frå taket på Sykkylven kyrkje som vert leia gjennom innvendige røyr fraus til, og resulterte i store vasskadar i dei to salane bak i kyrkjerommet og i midtpartiet i kjellarhøgda.

Store skadar: Kyrkjeverje Arild Sporsheim viser fram nokre av skadane etter vasslekkasjen i Sykkylven kyrkje.   Foto: Frank Kjøde

Nyhende

Store vegger kledde med plast og plater utover golvet pregar delar av kyrkja. Fleire handverkarar frå ulike selskap har vore engasjerte med å avgrense skadeomfanget.