God utvikling i arbeidsløysa

Arbeidsløysa i Sykkylven og Stranda går nedover.

Gode tal: Leiar ved Nav Sykkylven og Stranda er nøgd med at det er nedgang i arbeidsløysa.   Foto: Monica Aure Fallingen/Arkiv

Nyhende

Ved utgangen av april 2021 var det registrert 3.921 heilt arbeidsledige i Møre og Romsdal, noko som utgjer 2,8 prosent av arbeidsstyrken. Talet på arbeidsledige i Stranda var i mars 61, og i april var det nede i 47. Det vil seie at arbeidsløysa i Stranda er på 1,9 prosent. I Sykkylven var talet på 60 i mars og det har gått ned til 53 i april. Arbeidsløysa i Sykkylven er no på 1,3 prosent.