Lotteri til inntekt for gamalt skulebygg

Koronaen har gjort at inntektene til Riksheim gamle skule har falle heilt vekk. No er det sett i gang lotteri til inntekt for det gamle bygget.

Koronaramma: Grunna pandemien har ikkje Riksheim gamle skule hatt inntekter på eitt og eit halvt år. No er det starta lotteri til inntekt for drifta av det gamle skulebygget.  Foto: Privat

Nyhende

– Vanlegvis leiger vi ut til konfirmasjonar, runde dagar og andre typar forskjellige arrangement, pluss at vi har ein årleg haustfest for alle som bur i grenda, men på grunn av koronaen får ikkje folk lov å feire noko lenger, og då fell inntektene våre vekk, seier Janita Welle til Nyss.