Levering av gjødsel på Aurekaia

Tradisjonsrik miljøgevinst

– Det er lang tradisjon for skipsfrakt på Aure, og ikkje minst er det eit flott miljøtiltak, seier Odd Velle.

Tradisjon: Også i år blei gjødsla til bøndene i Sykkylven levert med skip. Bjarne Sigurd Drabløs (til venstre), Peder Stave og Odd Velle sto for lossinga.  Foto: Even Ørjasæter

Nyhende

Eit sikkert vårteikn i Sykkylven er at Felleskjøpet får frakta inn gjødsel til bøndene i kommunen med skip. Det var tilfelle òg i år, då eit lasteskip fullasta med over 200 tonn med gjødsel la til kai i Aure sentrum måndag føremiddag.