Gi glede er takksam for støtta frå Gjensidige Sykkylven:

– Vi ønskjer ein kreativ samlingsplass

Organisasjonen Gi glede har no flytta inn i nyoppussa lokale, og Therese Stave Hovland og Kathrin Notanes Riksheim seier at støtta dei har fått har gitt dei god starthjelp.

Støtte: F.v.: Tove Stavik frå Gjensidige Sykkylven, Therese Stave Hovland, Marisol Notanes Arias og Kathrin Notanes Riksheim.   Foto: Christine Fohlin Verneland

Nyhende

I mars tok Gi glede over dei gamle lokala til Røde Kors i Platobygget på Vik i Sykkylven. I høve naudsynt oppussing søkte dei Gjensidige Sykkylven om støtte.