Kompensasjonsordning

Tildeling av ventilmidlar

Sykkylven formannskap har tildelt såkalla ventilmidlar som er ei kompensasjonsordning for verksemder som er råka av koronapandemien.

Tildeling: Formannskapet i Sykkylven tildelte Ventil-midlar.  Foto: Monica Aure Fallingen

Nyhende

Det var Stortinget som i februar i år vedtok å tildele kommunane ei kommunal kompensasjonsordning som vart kalla for ventilmidlar. Sykkylven kommune fekk tildelt 1.070.000 kroner. Midlane skal gå til lokale verksemder som er særleg hardt råka av smitteverntiltaka, og som har falle heilt eller delvis utanfor dei generelle kompensasjonsordningane. Kommunane kan sjølv bestemme korleis midlane skal bli fordelt.