Austlandet får fleire vaksinedosar, Stranda og Sykkylven må gje frå seg sine:

– Ingen god situasjon

Sykkylven og Stranda må gje frå seg 35 prosent av vaksinane sine til kommunar med høgare smittetrykk på Austlandet.

Forstår: Ordførarane Odd Jostein Drotninghaug (t.v.) i Sykkylven og Jan Ove Tryggestad i Stranda seier dei forstår kvifor regjeringa prioriterer slik dei gjer.   Foto: Bjørn Arild Hatlem

Nyhende

Onsdag kveld melde helseminister Bent Høie (H) at regjeringa vil følgje råda frå Folkehelseinstituttet (FHI), og gå vidare med planane om omfordeling av vaksinane som blir sendt ut til kommunane i landet. Det betyr at 24 kommunar, alle i fylka Oslo og Viken, vil få ei auke på tilsende vaksinedosar på 60 prosent. 23 kommunar, mellom anna med storbyane Bergen, Kristiansand og Trondheim, slepp å gje frå seg vaksinedosane sine, medan 309 kommunar, Sykkylven og Stranda inkludert, må gje frå seg 35 prosent av vaksinedosane sine i juni og juli. Tanken er at desse kommunane skal ta att det tapte i slutten av juli.