Nye lys ved rundkøyringa

Fylkestinget godkjende i desember i fjor bygging av ny rundkøyringa ved småbåthamna på Aure i Sykkylven. Utbyggingsutvalet for bygg- og vegsaker i fylkeskommunen gjekk måndag inn for å etablere vegbelysning nord og aust for rundkøyringa.

Etablere belysning: Utbyggingsutvalet for bygg- og vegsaker i fylkeskommunen gjekk måndag inn for å etablere vegbelysning nord og aust for rundkøyringa i Aure sentrum.  Foto: Åge Eikrem

Nyhende

Fylkeskommunedirektør Ottar Brage Guttelvik er klar i si tilråding til utbyggingsutvalet for bygg- og vegsaker, og til samferdsleutvalet om at det blir prosjektert og etablert ny vegbelysning nord og aust for rundkøyringa, og at dette vert gjort i samband med bygging av rundkøyringa.