Erik Kursetgjerde har fått jobb i EKOM, og flyttar til Oslo:

– Kjekt å gå i farfar sine fotspor

Med ny jobb i Kommunaldepartementet, har Erik Kursetgjerde søkt om fritak frå verva i fylkestinget og Sykkylven kommunestyre.

Skiftar jobbeite: Erik Kursetgjerde har fått jobb hos EKOM i Kommunaldepartementet i Oslo. Derfor har han søkt om fritak frå verva sine som kommunestyrerepresentant i Sykkylven og på fylkestinget.  Foto: Privat

Nyhende

– Eg har drive litt på med næringslivsprosjekt i Sykkylven og i Bergen og har forska ein del på internettryggleik, så dukka det opp ein moglegheit eg ikkje kunne seie nei til, seier Erik Kursetgjerde til Nyss.