Før i tida

Gamle bilete frå Stranda og Sykkylven

VEGARBEID I PE-BAKKANE: Biletet frå omkring 1920 viser seks karar som driv med vegarbeid i Pe-bakkane på Hjorthol i Velledalen. Dette vart gjort før vegen gjennom Hevsdalen til Stranda vart starta opp, og som vart opna i 1938. Arbeidslaget, frå venstre: Laurits Brunstad (Nakken), Ole Drotninghaug (Plassen), Anton Strømme (Øgga-plassen), Andreas Lødøen (Bøen), Bastian Brunstad (Tore-garden) og Hans J. Hole (Holen). KJELDE: SYKKYLVEN-BYGDA OG FOLKET I FARNE TIDER v/JON HOLE. 

Nyhende

Heimestyrkene klar i Liabygda i 45 Det er i år (1990) 50 år sidan dei tyske styrkane hærsette Norge. I dei usikre vårmånadane i 1945, frykta nok dei fleste at dei tyske styrkane i Norge ikkje ville legge ned våpena utan kamp, og heimestyrkene budde seg på væpna motstand ved slutten av krigen. Også i Liabygda vart det gjort førebuingar til det som kunne kome. Ei gruppe på tilsaman 21 mann, under leiing av Leiv Furseth, dreiv våpentrening, og førebudde seg på innsats for å frigjere land og heimbygd. «Gutta på skauen» vart heimestyrkene kalla. Vi samla difor dei attlevande frå gruppa i Liabygda, som bur her i distrikte, nettopp i skogen. Frå venstre ser vi: Anders Lied, Karl Ytterdal, Ingvald Ytterdal, Jørgen Lied, Ottar Ringseth, Magne Overå, Alv Ringset, John Overå, Jon Lied, Kåre Lied, Olav Lied og Edvin Overå. Kilde: Sunnmøringen 16. mai 1990  Foto: Sunnmøringen

Heimestyrkene klar i Liabygda i 45