Mathias Ekornås har gjennomført endå ein ekspedisjon

Opp Kilimanjaro i ein stige

For tredje gong har sykkylving Mathias Ekornås gjennomført ein noko utradisjonell ekspedisjon.

5.459: Så mange gongar gjekk Mathias Ekornås opp og ned denne stigen inne på hotellrommet.   Foto: Privat

Nyhende

Nyss har tidlegare skrive om eventyraren som har bestemt seg for å gjennomføre ein «seven summit» som nærekspedisjonar i Oslo. I fjor gjekk han tilsvarande høgde som Mount Everest i ein trappeoppgang på Torshov, og tidlegare i år klatra han nesten 7.000 meter i eit tre, noko som svarar til fjellet Aconcagua i Argentina.