Fekk teste fiskelukka

Fredag inviterte Sykkylven jeger- og fiskeforeining til den årlege fiskekonkurransen ved Litlevatnet. I 2020 var det full stopp pga corona, men no var vi tilbake med full tyngde.

Fiskekonkurranse: Om lag 35 møtte opp ved Litlevatnet for å konkurrere.   Foto: Privat

Nyhende

Opp imot 35 born og vaksne møtte opp for å konkurrere om å få størst fangst til saman, og sjølvsagt om kven som kunne få den største fisken og stikke av med vandreplaketten frå Intersport. Til odel og eige.