Har stor tru på sommaren

Hurtigruten tilbake i full drift frå juli

Rederiet satsar på norske reisande i sommar.

Full drift: Frå juli vil Hurtigruten igjen operere med full drift med alle dei sju skipa sine, mellom anna med MS Nordlys som ein kan sjå på dette bildet frå Geirangerfjorden.  Foto: Agurtxane Concellon Hurtigruten

Nyhende

Sidan koronaviruset kom til landet i fjor, har det gått hardt utover drifta til Hurtigruten. Store delar av tida har mykje av aktiviteten vore lagt på is, og fleire av skipa til reiarlaget har lege i opplag. Frå nyttår har dei hatt fem skip i rute mellom Bergen og Kirkenes, og no melder reiarlaget i ei pressemelding at dei i juli vil trappe opp til full drift, med sju skip.